Rundt lunsjtider på fredag fekk politiet inn ei melding frå Hanøy som var av ein slik karakter at dei rykka ut med ein gong. Meldinga gjekk ut på at to menn hadde prøvd å lokka til seg småjenter i nærleiken av Hanøy skole med å seie at dei hadde godteri i bagasjerommet.

Informerte rektor og foreldre

– Slike meldingar tek me på alvor og me køyrde direkte til Hanøy for å undersøka saka nærare, fortel politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy ved Askøy lensmannskontor.

Etter ein prat med meldar og dei involverte småjentene fekk politiet informasjon om at det var fire ungar som hadde blitt tilbode godteri.

– Rektor og foreldre blei informert, men me fann ikkje igjen bilen med mennene i og saka blei førebels avslutta utan særleg resultat, seier Heggøy.

Skryt av ungane

Men heilt slutt var det ikkje. I seks-tida fredag kveld ringte det ein mann i byrjinga av 20-åra til politiet og fortalde at det var han som stod bak lokkinga like ved Hanøy skole.

– Han sa at han hadde gjort noko veldig dumt. No angra han seg, og la seg heilt flat. Han presiserte også at han ikkje faktisk hadde prøvd å lokka ungane inn i bilen, men at han hadde gjort det på tull, seier Heggøy.

– Det er bra at manen såg konsekvensen av det han hadde gjort, men slik åtferd er sjølvsagt langt ifrå akseptabel, legg han til.

Det er på det noverande tidspunkt usikkert om foreldra eller skulen kjem til å melda forholdet til politiet.

– Eg må gje skryt til ungane som kontant avviste førespurnaden om å bli med i bilen og straks gav beskjed til dei vaksne ved skulen, seier Heggøy.