– Det er høgare krav til dokumentasjon i straffesaker og til å halde seg oppdatert på tekniske system i dag. Som patrulje vil ein jo helst vere mest mogleg på hjul, men det blir det ikkje alltid nok tid til, seier Øystein Nordstrand.

Politiførstebetjenten har jobba i politiet i 27 år. Det meste av tida operativt, altså ute blant folk.

– Har det blitt meir kriminalitet, eller er det slik at det er lettare å ringe inn? At det er travlare dagar er eg i alle fall heilt sikker på, seier Nordstrand.

Auke i fleire typar saker

Dette blir stadfesta av politistasjonssjefen.

– Vi ser det aukar både på vinning, bedragerisaker, det er stor auke i saker på ungdomskriminalitet, og vi ser at trafikkulykker aukar. Samtidig har vi ein auke i psykiatrioppdrag og bistand til helse, seier konstituert politistasjonssjef Sven Erik Midthjell.

Totalt er det oppe i over 870 registrerte straffesaker berre på Askøy så langt i år. I 2019 var tallet 330.

Talet på politisaker der gjerningspersonen er under 18 år har auka frå 142 i heile fjor til 335 så langt i år, i Askøy og Øygarden politistasjonsdistrikt. Denne problematikken har Askøyværingen skrive mykje om det siste halvåret.

Men også andre type saker har hopa seg opp hos politiet i det siste. Det har vore ein merkbar auke i vinningskriminalitet, og talet på trafikkulykker har gått opp. Politiet etterforskar også fleire dødsulykker.

Trafikkseksjonen blei lagt ned

Samtidig blei det før sommaren klart at trafikkseksjonen, som har vore i Askøy og Øygarden, skulle leggast ned. Frå 14. august blei dei derfor sju færre ved den lokale politistasjonen.

– Som resultat er det færre spesialistar på vegane. Mykje av politiaktiviteten på trafikklovbrot er noko ein må drive jamleg med for å vere god, meiner Nordstrand.

Politiførstebetjenten jobbar for tida mest i patrulje. Då vil han helst vere så mykje ute på vegen som mogeleg. Foto: Synnøve Nyheim

At dei er færre gjer også at dei må prioritere hardare. Oppdrag som førebyggande besøk på skular er døme på noko politiet seier dei dessverre må nedprioritere samanlikna med tidlegare, og det meiner dei er uheldig.

– Då må ein vise til dei som styrer budsjetta våre, og bestemmer at politiet skal ha færre ressursar. Ein må prioritere det som er mest akutt, og slike trivelege ting som er viktig for lokalsamfunnet blir nedprioritert, seier Nordstrand.

Konstituert politistasjonssjef Sven Erik Midthjell. Foto: Silje Alden (arkiv)

– Brenn i fleire endar

– Det merkast godt. Vi må prioritere knallhardt. Det går sjølvsagt ut over kva vi rekk over, seier Midthjell.

Han seier det er vanskeleg å omfordele ressursar når det brenn i fleire endar.

Alt dette gjer mellom anna at politiet ikkje kan vere like mykje ute som dei hadde ønska, og som blir forventa av mange.

– Det er med tungt hjarte vi seier nei til mykje for tida. Det er fortvilande når vi ser skular og andre melder store behov for at vi skal komme ut, seier han.

Midthjell seier han dagleg står i spagaten når det kjem til kva som kan og bør prioriterast.

Vil ikkje seie kor mange dei er

Politistasjonssjefen seier dei ikkje går ut med tal på kor mange dei er i politiet lokalt. Driftseiningsleiar for Askøy, Øygarden og Bergen, Morten Ørn seier det same.

– Det er teieplikt om korleis den operative tenesta er bemanna og organisert.

Ørn seier den geografiske driftseininga i Bergen, Askøy og Øygarden er basert på fleksibel bruk av ressursane.

– Det betyr at politipatruljar frå heile området blir dirigerte dit det er behov, seier han.

Alle alvorlege valds- og seksuelle overgrepssaker blir etterforska sentralt i Vest politidistrikt, og etterforskinga av spesielt aktive lovbrytarar har også ei sentralisert etterforsking.

Alle melde saker går til eit felles straffesaksmottak, og derifrå går om lag halvparten ut til politistasjonane i Bergen, Askøy og Øygarden, ifølge Ørn.

Driftseiningsleiar for politiet i Bergen, Askøy og Øygarden, Morten Ørn. Foto: Silje Alden (arkiv)

Har hatt større belastning i Askøy og Øygarden

Ørn stadfestar at det har vore ein auke i mengda på straffesaker i Askøy og Øygarden, og at det har ført til at dei har hatt mykje arbeid og at det har oppstått køar i behandlinga av sakene.

– Denne situasjonen deler dei med resten av politistasjonane i Bergen, sjølv om Askøy og Øygarden i 2023 isolert har hatt ei noko større belastning, seier han.

Ørn seier dei derfor følger saksutviklinga på dei fire politistasjonane i Bergen og stasjonen i Askøy og Øygarden svært tett.

– Rein økonomisk prioritering

Når det gjeld nedlegginga av trafikkseksjonen, seier Ørn det var ei avgjerd gjort utelukkande motivert frå økonomiske omsyn. Politiet måtte redusere eit overforbruk som i dag er på 18 millionar kroner.

Det betyr ikkje at etterforskingskapasiteten på dei alvorlege trafikksakene skal reduserast, seier han. Det skal førast vidare i etterforskingsmiljøet på politistasjonen.

– Dessverre har det vore stort arbeidsfråvær på trafikketterforskarane uavhengig av nedlegginga. Det har påverka saksbehandlingstida langt meir enn omorganiseringa ville gjort åleine, seier han.

Han seier nedlegginga i liten grad har påverka talet på trafikksaker som blir etterforska.