Førstkomande laurdag går Bergen City Maraton av stabelen i Bergen sentrum. Tradisjonen tru er det mange askøyværingar som tek turen over bergensfjorden denne dagen, både for å delta – og for å heia fram slekt og vener.

Er du blant dei litt over 10.000 som skal springa, ser vêrsituasjonen ganske så lys ut. Ikkje for varmt, ikkje for kaldt og lite vind.

Det fortel vakthavande meteorolog Kristin Seter ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Det blir litt den same vêrtypen som det me har hatt dei siste dagane. Det kan rett nok koma eit par mindre og lette regnbyer, men slik det ser ut no, vil me få relativt lange periodar med opphaldsvêr og kanskje også sol, kjem det frå Seter.

Artikkelen held fram under biletet.

Statsmeteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt trur på gode springeforhold under Bergen City Maraton. Foto: Meteorologisk institutt

Til dei som er redd for motvind gjennom løypa og for kald eller for varm luft, har ho følgjande gladmelding:

– Det blir ikkje rare greiene. På det meste kan det koma opp i laber bris styrke frå nordvest, men det ser ganske bra ut på føremiddagen. Kva temperatur det blir avheng litt av om det blir overskya eller om det sprekk opp, men frå klokka 10 og nokre timar framover vil det nok vera ein stad mellom sju og ni-ti varmegrader.

Seter poengterer vidare at det er vanskeleg på det noverande tidspunkt å seia noko sikkert om skydekket vil sprekka opp eller ikkje.

– Me får berre venta og sjå, sluttar meteorologen.