Allereie tidleg i mai månad byrja spekulasjonane kring kva vêr som ventar oss på sjølvaste nasjonaldagen.
Prognosane har endra seg ein god del, og seinast før helga såg det relativt dystert ut – i alle høve for dei som føretrekk sol og blå himmel føre det meir vanlege vestlandsvêret.
Dette skjer på Askøy fremover
– Perfekt bunadsvêr
Men no ser det altså ut til å gå mot ein aldeles nydeleg 17. mai.
– Det ser ut til å bli veldig bra, stadfestar meteorolog Unni Nilssen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
– I tillegg til at det er meldt klårvêr, skal det også koma ein litt kald front forbi oss her i vest, og det kjem til å seinka temperaturen ned til om lag ti grader, fortset Nilssen.
Dermed er det inga overhengande fare for at ein skal sveitta ut verken bunaden eller dressen sin utover nasjonaldagen.
– Nei, dette må me kunna kalla perfekt bunadsvêr, humrar Nilssen.
Høgare temperatur i pinsehelga
Etter 17. mai ventar pinsehelga. Nilssen understrekar at dette enno er litt langt fram i tid med tanke på å spå vêret, men slik det ser ut no, kan det gå mot ei flott helg.
– Temperaturen vil nok stiga litt frå slik som han skal vera på 17. mai, seier meteorologen, og legg til:
– Det kan koma ein del mindre nedbør i løpet av helga, men dette er som sagt litt langt fram i tid til å kunna fastslå heilt sikkert.