Dei siste dagane har folk valfarta til Kollevåg for å slappa av og kjøla seg ned i sjøen. Mange kjem med bil, og når parkeringsplassen er full, tek bilistane i bruk vegkantane i nærleiken.

– Brannvesenet er bekymra, og det same er eigentleg me, kjem det frå politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy ved Askøy lensmannskontor.

Han fortel at folk parkerer både langs vegen som går inn frå hovudvegen, og mot parkeringsplassen og ned langs sjølve vegen mot Kollevåg.

– Folk parkerer i hytt og vêr. Det er umogleg for større køyretøy å koma seg fram. Dersom det skjer noko nede på stranda, er det rett og slett umogleg å koma seg fram. Me har også sett at folk parkerer såpass nære bommen som er der at det ikkje er mogleg å opna bommen, seier Heggøy.

– Naudetatane må ha tilgang

Med stor skogbrannfare og mykje folk på same plass, er det viktig at folk tar enkelte forholdsreglar. Til no har det gått bra, men dersom det skulle skje noko, kan utfallet bli tragisk.

– Folk må tenka seg om. Det kan faktisk stå om liv og helse. Politi, ambulanse og brannvesen må ha tilgang til slike folkerike område som dette døgeret rundt. Då nyttar det ikkje at folk sperrar vegane, poengterer Heggøy.

Han legg til at det er gode moglegheiter for at politiet kjem til å gjennomføra kontrollar i området dei neste dagane. Dei som har parkert feil, vil då få bot – eller i verste fall bli taua vekk frå staden.

– Dersom me ser parkeringar som er heilt hårreisande, må bilen berre takast vekk med ein gong, fastslår politioverbetjenten.