Trør seg gjennom VM-helga – send inn tips!

– Eg ber til høgare makter om eg ikkje punkterer, seier AVs sykkelreportar Jan Willie Olsen.

– Folk må ikkje vera redde for å senda inn tips, seier sykkelreportar Jan Willie Olsen.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel
Les også

SE OVERSIKT: Dette skjer langs VM-løypen

Her kan du følge sykkel-VM på Askøy minutt for minutt!

Årets definitive høgdepunkt er her endeleg, og gjennom ei innhaldsrik VM-helg på Askøy er det ikkje berre sykkelproffane som skal ut på tur.

I jakta på dei gode historiane, sender Askøyværingen nemleg ut journalist Jan Willie Olsen på to hjul, både laurdag og søndag, og har du eit godt tips, skal du ikkje sjå fekk ifrå at gladguten frå Erdal stikk innom nettopp deg i løpet av helga.

– Folk må ikkje vera redde for å senda inn tips. Eg er nok ikkje like kjapp som Odd Christian Eiking, men eg skal klara å koma meg relativt raskt fram likevel, humrar «JW».

Les også

LES OGSÅ: Slik kommer du deg rundt på Askøy lørdag og søndag

Les også

LES OGSÅ: 60 liter maling måtte til for å lage dette enorme flagget

Full fres!

– Eg ber til høgare makter om eg ikkje punkterer eller at det høljar ned. Då skal eg få det tøft, legg han til.

Jan Willie vil vera disponibel frå laurdag føremiddag til søndag ettermiddag. Har du tips og vil ha besøk av ein supersprek Askøyværingen-journalist, er det berre å ta kontakt på telefon 95425520 eller e-post jan.willie.olsen@av-avis.no.

Publisert: