Ein førjulskveld i byen

Rine Bekkelund (15) frå Juvik ynskjer å dele denne flotte førjulshistoria med Askøyværingen sine lesarar.

– Vatnet speglar dei slik at verda verkar dobbel så stor som den eigentleg er, skriv innleggsforfattar Rine Bekkelund.
  • Rine Bekkelund
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Stjernene lyser ned og reflekterast i vatnet. Dei helsar med vennlege blink til verda under dei. Vatnet speglar dei slik at verda verkar dobbelt så stor som ho eigentleg er. Månen står majestetisk på himmelen, og gir eit lys til jorda sjølv i det svarte kveldsmørket. Lyset frå månen er ikkje som det frå sola. Dette lyset er mykje meir mystisk og gjer at du skjønar at det er kveld. Lyset frå månen er lys, men mørkt lys. Lys som berre skal vise deg vegen heim, ikkje eit lys alltid å leve i. Før i tida ville månen og stjernene ha vore eit teikn på at det var på tide og komme seg heim. No lyser dei over ein by full av andre lys. Spesielt no når det nærmar seg jul.

Stjernene har fått besøk av ei anna stjerne. Ei stjerne sett opp og forma av menneska. Denne stjerna regjerer i toppen av et juletre som er sett opp midt ute på vatnet. Vatnet er Lille Lungegårdsvann. Treet er høgt og pynta. Lyslenkjene heng elegant nedover det grøne barnålstreet. På avstand ser det ut som treet glitrar. Eg skulle ynskje at verda alltid var så fin som ho er akkurat no.

Travle juleshopparar fartar gjennom byen. Sjølv om det er seint er byen full av folk. Mange ber på poser. Posane er sikkert fulle av gåver til folk dei er glad i. På julaftan skal dei kanskje sitje saman med dei dei har kjøpt gåvene til, og sjå på når papiret blir rive sakte av. Dei kjem sikkert til å vera spente då. Lure på om det dei kjøpte vart bra. Lure på om personane dei har brukt pengane sine på blir nøgde. Men no blir dei gåvene berre bore rundt i byen i posar av stressa menneske som gler seg til julaftan. Menneske som ikkje kjem til å ha eitt ledig minutt fram mot dagen av alle dagar.

Det er ikkje berre stressa menneske som er i byen i kveld. Nokon tuslar rundt i byen og ser seg om. Ser på juledekorasjonane som heng over vegen. Ser på dei blinkande lysene som kjem frå husa oppover fjella. Ser i butikkvindauga på alt det fine butikkane har fått inn til jul. Og mest av alt nyt stemninga som er til å ta og føle på i heile byen. For det er akkurat det det er. Ei stemning. Ei stemning som ikkje er der til vanleg. Folk som vanlegvis berre ville gått vidare helser no på uteliggjarar og gir pengar til tiggarar. Folk blir snillare i jula. Og det er ikkje berre det at det er jul, for stemninga er ikkje slik på dagtid. Det er noko med kvelden. Det at verda blir mørk, men stjernene og månen likevel er der. Det er noko med korleis juledekorasjonane lyser ekstra sterkt når mørket brer seg over jorda, som gjer at ein kjem i eit slikt humør at ein blir snillare og gladare.

Rine Bekkelund (15) er forfattaren bak førjulshistoria Ein førjulskveld.

Barnelatter høyrest over heile byen. Spesielt over Torgallmenningen når Sundt-nissane speler sin siste førestilling for kvelden. Når dei er ferdig med skodespelet kjem dei ut for å helse på barna. Mange vil ta bilete med dei, og plassen blir opplyst av blits frå kamera til foreldre som er meir ivrige enn barna. Dei vil eviggjere augeblikket. Kanskje skal dei henga opp bilete på veggen og ramme det inn i den finaste ramma dei har. Slik at dei alltid kan minnast den stunda dei ein gong hadde på Torgallmenningen seint ein kveld nokon dagar før jul.

Minner blir skapt på slike kveldar. Minner som vil hugsast eit heilt liv. Og kanskje bilete vil hengje på veggen i fleire hus, i fleire år, i fleire generasjonar. Da er det lett å forstå kvifor foreldra insisterer på at barna skal ta et bilete med desse nissane akkurat denne kvelden. Kanskje dei har eit likt minne, og vil at barna deira, som dei er så glad i, skal få oppleve det same som dei ein gong gjorde for mange år sida.

Det luktar jul. Denne lukta er heilt spesiell. Det er ein blanding av peparkakene som blir delt ut til nøgde barn og vaksne på gatehjørna utanfor Narvesen og den vanlege bylukta. Det er kaldt så det er vanskeleg å verkeleg kjenne kva det lukter. Når du pustar inn kjennar du kulda i nasen og når du pustar ut slepp du ut ein sky av frostrøyk. Det er kaldt, men ikkje snø. Det er slik som det ofte er i Bergen. Opplett når ein treng nedbør og nedbør når ein treng opplett.

Det har ikkje vore kaldt så lenge at vatnet har frose. Tenk så bra det vil bli når vatnet er frose og ein kan stå på skøyter. Sjølv vaksne menn vil ikkje kunne dy seg då. Dei vil forsiktig tråkke utpå isen og kjenne korleis vatnet ikkje lenger er vatn, men is. Korleis friksjonen ikkje lenger er friksjon og sakte skli utpå isen. Kanskje vil dei falle og miste det harde steinansiktet dei ber til vanleg. Kanskje vil dei le når dei fell, før dei reiser seg og prøver ein gong til. Kanskje vil dei kome for seint på jobben, forkava og med røde rosar i kinnene etter å ha vore ute i kulden, på isen, lenge fordi dei ikkje greidde å gje seg.

I kveld er det ikkje is, berre vatn. Men kanskje er isen her i morgon, og kanskje vil den gjere at stemninga frå i kveld ikkje sluttar. Kanskje vil denne stemninga fortsette vidare heilt til jula er her for fullt med eit ynskje om fred, håp og glede. Og kanskje då på julaftan vil gåvene som ble kjøpt i kveld opnast, bileta frå i kveld vil henge på veggen og lysa frå byen vil glitre i isen på vatnet. Verda vil igjen stoppa opp for ein kveld. Ein kveld endå finare enn denne.

Publisert:
  1. Oppslagstavlen
  2. Jul

Mest lest akkurat nå

  1. Mens hun fulgte søsteren i kampen mot kreften, fikk Beate selv diagnosen

  2. Aldri før har det vore meir kø enn no

  3. Sondre tar over 30 tabletter om dagen. Norske leger tror ikke på behandlingen

  4. «Sønnen din kommer til å forsvinne»

  5. Espen kommer ikke inn på utestedet fordi han er for full. Kort tid senere faller han 14 meter

  6. Femten smittetilfeller