Viss du er nysgjerrig på kva det går i: Sjekk Facebook-kommentarane nedst i artikkelen før du les kommentaren.

Å nei! Ikkje den skrekkelege plussen igjen!

Først: Orda «låsing», «stenging» og «lukking» er noko misvisande. Rettare er det å kalla artiklane for dei som ikkje er abonnentar for «gratistartiklar». Så er det sagt. Og me nordmenn elskar jo alt som er gratis, gjer me ikkje? Brød og mjølk burde også vore gratis. Det er jo for folk flest.

Journalist Joar Hystad. Foto: Christine Fagerbakke

Til vanleg er om lag 20 prosent av stoffet me legg ut gratis for alle. Dei resterande 80 prosentane er tilgjengeleg berre for dei som er villige til å betala ein svært beskjeden sum for at lokalsamfunnet skal vera velsigna med ei lokalavis som tek samfunnsoppdraget sitt på alvor.

I helga fekk Askøy besøk av eit av verdas største idrettsarrangement. Fredag til søndag har me hatt sju journalistar og fotografar i sving, mellom ti og tolv timar kvar dag, og me har verkeleg storkost oss.

Som ein ekstra sykkel-VM-service til alle dei som enno ikkje er abonnent hjå oss, valde me i helga å gjera litt meir av stoffet vårt gratis i forhold til det som er vanleg. Me justerte gratisprosenten til rundt 50. Med andre ord, i helga var halvparten av sakene våre tilgjengeleg for alle. På ein vanleg fredag til søndag publiserer me mellom 15 og 18 artiklar. Under det same tidsrommet i sykkel-VM publiserte me nesten 50 artiklar. I tillegg oppdaterte me minutt for minutt-saka vår (som var gratis) 120 gonger.

Søndag kveld runda me av med ein heilt fantastisk biletserie med blinkskot frå våre to eminente fotografar, Christine Fagerbakke og Magnus Buseth Danielsen, i tillegg til litt færre blinkskot frå oss andre dødelege i redaksjonen.

Også tidlegare på dagen la me ut ein biletserie. Denne var spekka med bilete frå startområdet på Ravnanger – og ikkje nok med det – han var gratis og open for alle. Biletserien søndag kveld derimot valde me å gjera tilgjengeleg berre for våre trufaste og ikkje minst dei nesten 50 nye abonnentane me har fått i løpet av helga.

For la det vera sagt; me har inga problem med å vera opne om at me – som oftast – tenkjer oss godt om når det gjeld kva artiklar som kan få folk til å teikna abonnement og såleis få oppdaga den viktige jobben me gjer i lokalsamfunnet vårt. Biletserien me publiserte søndag kveld var ein slik artikkel, og på den åleine selde me ti abonnement.

Dette er noko me er stolte av, så då får det heller våga seg at enkelte nyttar søndagskvelden på irritera seg grøne over at dei 250 bileta berre var tilgjengeleg for dei som har betalt for dei.

Trykk deg inn her dersom du ynskjer å bli ein del av Askøyværingen-familien! Det er skammeleg billig!