Får pengar til å tetta landhandelen

Ligg like ved hermetikkfabrikken som no er kulturfabrikk.

Det byrjar å bli nokre tiår sidan butikken var open.
  • Kyrre Styve
Publisert: Publisert:

Det er ei stund sidan det var daglegvarer i landhandelen på Hetlevik. Bygget treng sårt istandsetjing, men no ligg det i det minste an til at taket kan bli tetta.

Kulturminnefondet har gitt 30.000 kroner i tilskot. Pengane skal brukast til å sikra taket ved å trekkja over presenning slik at vanninntrenginga stoppar.

– Dette er eit viktig kulturminne og det er positivt at eigar ønskjer å bevara bygningen og historia. Vi er glade for å kunna støtta landhandelen med eit sikringstiltak, slik at bygningen kan bevarast for framtida, seier Simen Bjørgen i Kulturminnefondet i ei pressemelding.

Les også

Hetlevik har fått sitt eige museum

Landhandelen er frå 1923, og eksisterte til 1970. Heile tida har den vore i same familie.

Kulturminnefondet peikar på at mange eigarar har bygningar som har skader og der det i første omgang trengst sikring mot vidare forfall. Sikring av kulturminne vil føra til at eigaren får betre tid til å planleggja seinare istandsetjing.

Landhandelen ligg heilt til venstre på biletet, og var nabo til hermetikkfabrikken.
Publisert:
  1. Kulturminner
  2. Hetlevik

Mest lest akkurat nå

  1. Dette popper opp over alt. To ulike aktører ønsker å etablere tilbudet på Askøy

  2. Vannledningsbruddet er utbedret

  3. Leiligheten i Erdal er akkurat solgt. Kjøper måtte ut med nesten fire millioner kroner.

  4. Det videre arbeidet med Kildn må være grundig og godt