I fjor haust gav Dagfinn Lyngbø og bandet hans ut plata «Guttelus».

– Songane er blitt til over tid og dette er eigentleg noko som har kome litt av seg sjølv. Det er jo ofte slik at ein hentar inspirasjon frå kvardagen, og når ein stor del av kvardagen består av henting i barnehagen, mekling mellom sysken og kveldsstell, skriv ein gjerna litt om det, sa Lyngbø i samband med utgjevnaden.

Tysdag offentleggjorde Spellemannprisen dei nominerte for 2017. Prisen skal delast ut i Oslo konserthus 25. februar, og blant dei nominerte i kategorien barnemusikk finn me altså Dagfinn Lyngbøs Barneband med plata «Guttelus».

Utdelinga blir også vist på NRK.

Utanom Dagfinn sjølv består bandet av Bjarte Jørgensen på trommer, Kato Ådland på gutar og Kai Taule på bass.

Dei andre nominerte i kategorien er Meg og kameraten min, Rasmus og Verdens Beste Band og Sangfoni.