Nominert til Spellemannprisen
Dagfinn Lyngbøs Barneband gav ut plate i haust. No kan komikaren frå Askøy vinna sin første Spellemannpris.
I fjor haust gav Dagfinn Lyngbø og bandet hans ut plata «Guttelus».
– Songane er blitt til over tid og dette er eigentleg noko som har kome litt av seg sjølv. Det er jo ofte slik at ein hentar inspirasjon frå kvardagen, og når ein stor del av kvardagen består av henting i barnehagen, mekling mellom sysken og kveldsstell, skriv ein gjerna litt om det, sa Lyngbø i samband med utgjevnaden.
Er du den mest treffsikre spåmannen på Askøy?
Tysdag offentleggjorde Spellemannprisen dei nominerte for 2017. Prisen skal delast ut i Oslo konserthus 25. februar, og blant dei nominerte i kategorien barnemusikk finn me altså Dagfinn Lyngbøs Barneband med plata «Guttelus».
Utdelinga blir også vist på NRK.
Utanom Dagfinn sjølv består bandet av Bjarte Jørgensen på trommer, Kato Ådland på gutar og Kai Taule på bass.
Dei andre nominerte i kategorien er Meg og kameraten min, Rasmus og Verdens Beste Band og Sangfoni.
Mest lest akkurat nå
Christian sprang i 24 timar
Opplever hets, men lar seg ikke skremme
I februar 2019 døde Oliver Emir (2) av hjernekreft. Tre år senere ligger lillesøster i foreldrenes armer
Politikerne sier ja. Slik blir det nye boligfeltet på Tveit
Linda dro tilbake på jobb etter å ha vært hos legen. Så fikk hun beskjed om å komme til sykehuset
«Det verste var å fortelle barna at kreften var uhelbredelig»