Kven skal nærast dette punktet i sommar?

Me vil snakka med deg eller dykk som skal lengst bort frå Askøy i løpet av sommaren! Men kvar er eigentleg det?

Dette punktet er staden på jordkloda som ligg lengst borte på Askøy.
  • Joar Hystad
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel
Les også

LES OGSÅ: Skjer det noe på Askøy i sommer?

Sjølv om mange av oss – i alle fall i løpet av dei første leveåra – trur at det er mogleg å grava seg gjennom til den andre sida av jordkloda, og då helst til Kina, så er det nok diverre ikkje det.

Det få kanskje har reflektert over er at dersom det faktisk hadde lete seg gjera å grava ein bein tunnel frå midten av Askøy og tvers gjennom jordkloda, så ville ein faktisk ikkje ha enda opp i Kina – men atskilleg lengre søraust – ja faktisk omtrent dobbelt så langt som til Kina.

Artikkelen held fram under bilete.

Har du tenkt deg til New Zealand eller Australia, er moglegheitane gode for at det er akkurat deg me er på jakt etter.
Les også

LES OGSÅ: Til Kenya for å vedlikeholde håpet

Plassen på jordkloda som er lengst vekke frå Askøy ligg nemleg godt over 1000 kilometer frå sydspissen av New Zealand – på sjøbotnen av det sørlege Stillehavet.

Askøyværingen ynskjer å koma i kontakt med deg som bur på Askøy og som skal lengst bort frå øya i løpet av sommarferien. Har du tenkt deg til New Zealand eller Australia, er moglegheitane gode for at det er akkurat deg me er på jakt etter.

Send oss ei melding på Facebook, eller send oss ein e-post ved å følgja denne lenka, med litt kort informasjon om deg sjølv og kvar du skal i sommar, så tek me kontakt med deg!

Følg Askøyværingen på Facebook!

Publisert:
  1. Askøy
  2. New Zealand
  3. Kina
  4. Stillehavet
  5. Facebook

Mest lest akkurat nå

  1. Denne boligen er den fjerde dyreste på Follese det siste året. Se topp fem-listen

  2. Fiskar såg plutseleg at han stod på ein gravstein. Kyrkja veit ikkje korleis den kan ha hamna der

  3. Her har autovernet sviktet

  4. Her er alle boligene som er solgt de siste 60 dagene

  5. Tok tobakk-tyv

  6. – Jeg føler vi har fått godt fotfeste på Askøy nå