Feiringa av nasjonaldagen vart i fjor sterkt amputert av koronapandemien. Også i år blir det ei annleis feiring. Men vi håpar og trur at det blir ein kjekk dag, og sjølvsagt har vi journalistar ute for å dekkja feiringa.

Kor bør vi vera på 17. mai? Kva bygd eller nabolag har noko kjekt på gang? Kva familie skal gjera noko ekstra gøy? Er det nokon som skal oppretthalda ein mangeårig tradisjon? Eller må nokon leggja tradisjonen på is på grunn av smittevern? Send oss gjerne tips, slik at vi kan formidla stemninga.

På sjølve dagen ønskjer me og bilete frå lesarane, gjerne med ein kort tekst til. Del gjerne bileta med oss på epost.