– Det er fantastisk tilfredsstillande for oss i Askøyværingen at stadig fleire ser verdien av å abonnera på lokalavisa. Vi har jobba knallhardt dei siste åra for å nå lesarane våre med engasjerande lokalt innhald, seier ansvarleg redaktør Marit Kalgraf.

Byksar framover

Onsdag offentleggjorde Mediebedriftenes Landsforening (MBL) opplagstala for perioden januar-juni 2019. Tala viser at Askøyværingen har eit godkjend opplagstal på 4.853 abonnentar, noko som er 417 fleire enn i same periode i fjor. Auken er på heile 9,4 prosent.

– Skal lokalavisa leva vidare og spela ein rolle, er vi heilt avhengige av å nå nye lesarar. Difor er vi takksame for kvar og ein av abonnentane våre, sier Kalgraf.

Artikkelen held fram etter statistikken.

Opplagstala er rekna ut frå ei fordelingsnøkkel med papiravis og nettavis.

Askøyværingen kom ut for første gong i 1978. Tala viser at avisa har hatt ei stabil auke i abonnentar dei siste fem åra. Men det finst alltid rom for forbetringar.

– Vi kan alltid bli betre, så hald fram med å senda oss tips og innspel til saker og tema de vil at vi skal ta opp, oppmodar Kalgraf.