Askøyværingen / Sport / Dana- og Norway Cup / Fotballnomadar frå Follese

Logg inn:

Navn:
Passord:

Har du et tips?

Alle tips til AV behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

 

Tips sportsredaksjonen
*
Ditt navn
*
E-post
*
Telefon
Fotballnomadar frå Follese

Frå Dana Cup til Norway Cup:

Fotballnomadar frå Follese

Dei la frå kai i Bergen fredag for snart 14 dagar sidan, og dei langt fleste er framleis i full vigør. Jentelaget til Follese er nemleg reisande i store fotballturneringar. Sist veke Dana Cup. Denne veka Norway Cup.

Publisert 30.07.08 08:30
Endret 24.07.09 10:40

Kontrasten mellom opphaldet i Hjørring og Oslo er slåande for den store Follese-kontingenten. Dana Cup: Flott skule, mange kampar og dårlege resultat. Norway Cup: Sliten skule, få kampar og berre sigrar.

– I Danmark spelte vi med 11 spelarar. Denne veka opererar vi med eit sjuarlag, fortel Mia Skeie, før ho forklarar litt nærare:

– Vi reiste 19 jenter med Fjordline til Danmark. Sju av dei har av ulike årsaker reist heimatt. Mange skulle på ferie med familien til Syden. Dei kunne nok like godt vore heime. Iallfall om det er sol og varme dei jaktar på.

Mykje uflaks
Jentene til Follese var i Hjørring på Dana Cup i fjor også. Då vart Kristiane Hetlevik alvorleg skada i foten. Denne gongen gjekk det akkurat like galt.

– Ganske utruleg, men etter to turneringar på dansk jord, har Kristiane berre fått spelt halvannan kamp. Ho er mellom dei sju som alt har reist heim til Askøy. På krykker, sukkar follesejentene.

Og ho var heller ikkje den einaste i gjengen som hadde uflaks i Danmark. Trond Johannessen fekk totalt motorhavari, og det var ingen veg utanom eit verkstadopphald som kosta flesk. Men no går bilen att.

Prinsesseparty
Då var det langt kjekkare for tvillingparet Caroline og Camilla Dahle Lie. Dei dyktige fotballspelarane fylte 15 år under Dana Cup, og resten av laget stelte i stand ein skikkeleg prinsessebursdag.

– Vi fekk både mjuke elefantar og nye truser, smiler jentene.

I Danmark var som sagt kampprogrammet tett. Utan at Follese fekk den store utteljinga.

– Ingen kommentar, er svaret når vi lurer på korleis det gjekk. Men så kjem det litt etter litt.

– Vi var plaga med mykje gnagsår og sveitte bein, men kom til kvartfinalen i B-sluttspelet. I Norway Cup derimot har vi allereie vunne dei to første kampane i gruppa, og er klare for A-sluttspelet. No kan alt skje, meiner målvakt Tone Hopstad, som i skrivande stund har halde nullen i verdas største fotballturnering.

Stor overgang
Då Follese kom frå Danmark, tok dei ein stor taxi opp til skulen dei skulle bu på.

– Du kan trygt skriva at den levde opp til namnet sitt: Gamle Løren skole. Det var omtrent som å hamne i slummen, samanlikna med luksusskulen i Danmark. Det er muggsopp på veggene og i dusjen kryr det med kakerlakkar. Så er skulen også lagt ned for nokre år sidan, og blir berre brukt denne eine veka i året, stønnar jentene. Men må likevel medgje at på trass av elendige butilhøve, så er det fantastisk moro å vera deltakarar under Norway Cup.

Lesernes dom:

48%
52%
Trykk på tommelen for å si hva du synes om hvordan vi har skrevet saken.
Del artikkelen

Kommenter

Tips en venn




Du må være registrert og innlogget for å kunne skrive kommentarer
100 mill. snart i havn

100 mill. snart i havn

– Foreløpig er det snakk om en intensjonsavtale, men vi håper å kunne signere den endelige kontrakten i løpet av få uker.

    Kva skal vegen heita?

    Kva skal vegen heita?

    Både i Skiftesvik og på Tveit er det innbyggjarar som ventar på ei endeleg avklaring i spørsmålet om kva veg dei bur i.

      Nå ser Jeanette fremover

      Nå ser Jeanette fremover

      Drøye to måneder etter at håndballkarrieren til Jeanett Haga Holgersen (22) ble satt på vent, er hun allerede tilbake i trening, klar for å kjempe seg tilbake på parketten.

        På tur med «kaptein» Virkesdal

        På tur med «kaptein» Virkesdal

        – Dette er så interessant å se. Hvor mange hus er kommet til? Hvordan ser bygdene våre ut fra denne siden?

          Ingen ny «Ta sjansen»

          Ingen ny «Ta sjansen»

          Fjorårets publikumssuksess under Strusshamnfestivalen til tross, det blir ingen gjentakelse i år.

            Først ute med internasjonalt båtbevis

            Først ute med internasjonalt båtbevis

            Fra i år av kan du ikke lenger dra på ferie til utlandet i fritidsbåt med et vanlig båtførerbevis. En båtskole fra Askøy tilbyr nå et godkjent internasjonalt båtførerbevis, som en av de første i Norge.

              Siste kortnytt

              Mest tipset

              Saker fra NC 2007

              Askøyværingen, AV-bygget,
              Postboks 4, 5321 Kleppestø

              Ansvarlig redaktør: Stig Erik Elliott

              Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS©2006 produkt