Meiner skulen må profesjonaliserast
Skulen må endrast i takt med resten av samfunnet, meiner Jostein Danielsen.
Endret 06.02.12 15:30
Danielsen er rektor ved Træet skule. Som dei andre skulane i kommunen har Træet hatt besøk av konsulentar frå firmaet Ringer i vann.
Både på redaksjonell plass og lesarbrevplass har tilsette i askøyskulen den siste månaden kome med kritikk av selskapet. Danielsen er ikkje samd.
– Eg opplever at Ringer i vann har kome inn med kompetanse og tyngde. Dei har vore med på ein grundig analyse av skulen, slik at me har vorte klare over kva me er flinke til og kor me kan verta betre, seier Danielsen.
Vil ha foreldra med
Rektoren seier at samarbeidet med konsulentane mellom anna har ført til betre skriftlege rutinar, betre kollegafellesskap og betre heim-skule-samarbeid.
– Det er kommunen som, gjennom sektorplanen for skulen, har sagt noko om utviklingsarbeid. Verktøykassen frå Ringer i vann er ein bit av dette arbeidet, seier Danielsen.
Han har tru på å profesjonalisera skulen. I det ligg det to ting: ta tilbake profesjonen og heva skulen sin status, og å vera profesjonelle.
– Me har ei foreldregruppe i dag som forventar svært mykje, seier Danielsen.
Han meiner òg at sidan samfunnet er i stadig endring, må skulen følgja med.
– Me er mellom anna vorte meir medvitne om å få foreldra med. Skulen vår ligg i eit område med mykje tilflytting, og det er ikkje slik at alle har eit like stort sosialt nettverk. Då vert skulen viktig, seier Danielsen.
Lov å vera god
Rektoren meiner at det må vera lov å visa kva ein er gode til. Då han hadde eit innlegg under Ringer i vann sin store konferanse i Oslo for eit par veker sidan, snakka han mellom anna om ordninga «Vekas stjerne».
– Me framhevar det som er bra; god innsats eller meistring. Ein eller to elevar frå kvar klasse som har gjort noko ekstra fint, får diplom frå rektor når me har fellessamling kvar fredag, seier Danielsen.
For å verta vekas stjerne kan ein anten ha knekt ein kode etter mykje øving, til dømes ha lært å rekna med desimaltal, ein kan ha gjort ein stor innsats på skulekjøkenet eller ein kan vera ein som tek vare på dei andre elevane og ser til at alle har det bra.
– Eg synest det er flott at elevane kan vera førebilete for kvarandre, seier Danielsen.
I fjor på denne tida var han på New Zealand. Det var ein tur Ringer i vann arrangerte, og Danielsen tok med seg mange idear heim. Vekas stjerne er ein av dei.
– Samstundes er eg trygg på at ein del av det me allereie gjer er bra, seier Danielsen.
Han ønskjer ikkje å seia så mykje om kritikken som er kome frå lærarar ved andre skular.
– Eg kjenner ikkje dei indre prosessane ved Kleppestø ungdomsskule. Men endringsarbeid er utfordrande.
– Har alt gått knirkefritt hos dykk?
– Nei, å seia det ville vera å lyga. Me har hatt mange diskusjonar, både om tempo og om å involvera alle. Men kollegiet er grunnleggande positive, og dei ser at me har vorte betre på mange felt.
Danielsen seier at han ikkje pålegg lærarane ved skulen å bruka Ringer i vann sine metodar.
– Men dei er pålagt å testa dei.
100 mill. snart i havn
– Foreløpig er det snakk om en intensjonsavtale, men vi håper å kunne signere den endelige kontrakten i løpet av få uker.
Kva skal vegen heita?
Både i Skiftesvik og på Tveit er det innbyggjarar som ventar på ei endeleg avklaring i spørsmålet om kva veg dei bur i.
Nå ser Jeanette fremover
Drøye to måneder etter at håndballkarrieren til Jeanett Haga Holgersen (22) ble satt på vent, er hun allerede tilbake i trening, klar for å kjempe seg tilbake på parketten.
På tur med «kaptein» Virkesdal
– Dette er så interessant å se. Hvor mange hus er kommet til? Hvordan ser bygdene våre
Siste kortnytt
- MC-ulykke i Bakarvågen [15.05.12 09:52]
- Overvann og null poeng [15.05.12 09:52]
- På tide å søke om leie [10.05.12 15:32]
- Vedtok plan for Myrane [10.05.12 15:32]
- 10.000 til Hanøy skole [10.05.12 15:32]
- Skal vedta kreftplan [08.05.12 11:56]
- Vil ha reguleringsplan [08.05.12 11:56]
- Omkamp om adresse [08.05.12 11:56]
- Demokratene har ikke anmeldt [26.04.12 16:12]
- Pepe Auer til Strusshamn kirke [26.04.12 16:12]
- Årets første lokaloppgjør [26.04.12 16:12]
- Nei til pils og pizza [20.04.12 10:29]
- Låner til minnesmerke [20.04.12 10:29]
- Støtter Skogen-skole [20.04.12 10:29]
- Stjeler påhengsmotorer [12.04.12 21:12]
- Øvelse på Herdlaflaket [12.04.12 10:23]
- Ønsker kandidater [02.04.12 14:18]
- – Godt samarbeid [02.04.12 14:18]
- Promille på Juvik [01.04.12 10:20]
- Vil kjøpe fortet [29.03.12 15:18]
Mest lest
- 29-åring fengslet for ran [28.04.12 13:29]
- To arrestert for vold og hærverk [27.04.12 15:18]
- Tre vinnere fra Askøy på bare en uke [26.04.12 16:12]
- Mann tatt for grovt biltyveri [24.04.12 10:47]
- Slo gamle kjente [24.04.12 08:09]
- La ned krans i Strusshamn [08.05.12 14:31]
- Statsministeren kommer [20.04.12 10:29]
- Stor mangel på fastleger [04.05.12 08:04]
- Gikk løs på leger og inventar [10.05.12 15:32]
- Ti år med omsorgsboliger [04.05.12 08:02]
- Vil ha storskole i Skogstunet [08.05.12 11:56]
- En av Norges beste lokalaviser [22.04.12 00:21]
- BOF: – De har seg selv å takke [26.04.12 16:12]
- Klar for Telenor Arena [26.04.12 16:12]
- Åpnet ny gang- og sykkelvei i nord [24.04.12 08:12]
- Vil rekruttere flere til paintball [11.05.12 13:53]
- Vil ha puls i Strusshamn [08.05.12 11:56]
- Nytt NM-gull til Kvammen [04.05.12 08:00]
- – Ikke overrasket over oppturen [08.05.12 11:56]
- Her er Annie x 2 [04.05.12 07:57]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]



