– Det er mykje kjensler i sving, og eg skulle ynskja at folk sat seg meir inn i det eg sa, kjem det frå sokneprest i Strusshamn kyrkje, Michal Møgster.

Søndag for nokre veker sidan valde han å koma inn på temaet homofilt ekteskap under ein barnedåp i Strusshamn kyrkje. Han snakka temaet ned, og uttrykte seg i kritiske ordelag.

Er motstandar av homofilt ekteskap

Far til eit av barna som blei døypt, Anders Jakobsen, reagerte sterkt på det soknepresten serverte frå podiet, og måndag denne veka formidla han tankane sine gjennom eit lesarinnlegg i Bergens Tidende.

– Kva tenkjer du om saka slik ho har utvikla seg, Møgster?

– Dette har med relasjonar å gjere. Det må vera nokre rammer. Eg har stor respekt for at enkelte menneske kan velja å leva i andre samlivsformer.

– Men du er imot homofilt ekteskap?

– Ja, men eg er open for at staten kan legga til rette for andre typer formelle partnerskap, svarar Møgster.

– Er ein barnedåp riktig tid og stad for å formidla denne bodskapen?

– Det var kun ein veldig liten del av det eg sa som omhandla dette. Det meste handla om nestekjærleik og relasjonar, og det har ikkje kome godt nok fram i denne saka.

– Var det riktig av deg å fremja di meining om homofilt ekteskap i denne barnedåpen?

– Eg fremja ikkje mi meining, men eg fremja det som står i bibelen. Det er det som er oppgåva mi som prest, poengterer Møgster, som etter kvart vedgår at han deler meining med det som står i bibelen.

Eg antar at det ikkje var barn til stades som er gamle nok til å ta til seg, fanga opp og gjera seg opp ei meining om det eg sa.

– Kan ikkje gjera alle til lags

Han seier vidare at me som menneske berre må konstatera at det er ulike syn på dette som har med homofilt ekteskap å gjere.

Då me nok ein gong spør soknepresten om han tykkjer at ein gudsteneste der seks barn skulle døypast var rett tid og stad til å langa ut mot homofilt ekteskap på, svarar han følgjande:

– Eg kan ikkje forstå kvifor det skulle vera så revolusjonært. Det var tre-fire setningar som omhandla dette. Eg har sjeldan fått så mange positive tilbakemeldingar etter ei gudteneste. Det var truleg heller ikkje barn til stade i kyrkja.

– Bort sett ifrå dei seks du døypte?

– Eg antar at det ikkje var barn til stades som er gamle nok til å ta til seg, fanga opp og gjera seg opp ei meining om det eg sa. Dei barna som til vanleg hadde vore der hadde fått tilbod om søndagsskule.

– Forstår du at vaksne folk, som til dømes Anders Jakobsen, også kan reagera på det du sa?

– Ja, men eg skulle ynskt at han tok kontakt med meg. Det er veldig bra at ein tek homofile sin situasjon på alvor, og lyttar til deira livserfaring, men ein kan ikkje gjera alle til lags, sluttar soknepresten.

Følg Askøyværingen på Facebook!