Dagen etter årets første kommunestyremøte stiller fire av lokalpolitikarane til direktesendt nett-TV-debatt.

Torsdag kveld går startskotet for årets kommunestyresesong, og ikkje overraskande er det venta både høg temperatur og heftige diskusjonar når politikarane samlast i rådhuset på Kleppestø.

– Uverdig og hjarterått

Ei av sakane som kjem til å få ekstra merksemd er allereie avgjort. 24. januar vedtok Utval for levekår mellom anna at ni omsorgsbustader på Helsetunet i Kleppevegen skal leggast ned.

Les også: Eldre pleietrengende kastes ut av hjemmene sine

Les også: – Vi kaster ikke eldre ut av sine omsorgsboliger

Vedtaket har fått fleire til å rynka på nasa, og til torsdagens kommunestyremøte er det sendt inn heile tre interpellasjonar om emnet. Ein av dei som har gått hardast ut mot vedtaket er Stig Abrahamsen i Framstegspartiet. Abrahamsen meiner posisjonen, med Arbeidarpartiet i spissen, kastar ut dei eldre bebuarane på Helsetunet, og har kalla avgjerda for mellom anna skammeleg, respektlaus og uverdig.

Fredagsdebatt

Arbeidarpartiet på si side forsvarar vedtaket, og kallar det heile for ei omstrukturering. At det kjem til å gå heftig for seg i kommunestyresalen torsdag kveld, er det ingen som helst tvil om. Temperatur blir det heilt sikkert også då fire av lokalpolitikarane stiller til debatt hos Askøyværingen dagen derpå.

**Les også: Skammelig behandlingav eldre mennesker

Les også: Eldreomsorg må prioriteres høyere**

Sendinga startar kl. 13.30, og i panelet finn me nemnde Abrahamsen, tidlegare ordførar Siv Høgtun (H), UFL-leiar Miriam Haavik (Ap) og kommunestyrerepresentant Mary Therese Solli (SV).

Følg Askøyværingen på Facebook!