Hamna midt i mediestormen
Simon Furnes frå Berland var ein av dei første som visste om overgrepssaka i Venstre.
Endret 13.02.12 19:39
– Du er ikkje den første som ringjer i dag, seier Simon Furnes tørt.
20-åringen frå Berland studerer i Stavanger, og er leiar i Rogaland Unge Venstre. For vel ei veke sidan var han med på det etter kvart mykje omtala fylkesårsmøtet i Venstre. Tysdag førre veke vart det kjent at ei 17 år gamal jente har meldt partiet sin nestleiar til politiet. Jenta hevdar nestleiaren valdtok henne natt til søndag.
For Furnes og dei andre leiarane i partiet har medietrykket vore enormt.
Ville vera opne
Furnes ønskjer ikkje å seia noko om sjølve saka. Eigentleg håpar han at han no er ferdig med å snakka med journalistar om denne saka.
– Partiet valde å vera opne. Me var samde om at me ikkje skal prøva å skjula noko. Uansett kva dommen seier, så er dette ei alvorleg sak, seier Furnes.
Etter at 17-åringen meldte nestleiaren til politiet, innkalla Furnes og andre i partiet til hastepressekonferanse på rådhuset i Stavanger.
– Me ønskjer ikkje spekulasjonar, og fortalde alt me kunne, seier Furnes.
Han seier at han den siste veka har kjent seg som ein kjendis – men på heilt feil måte.
– Det verkar som om ein del journalistar vil grava meir i saka etter meir me seier. Det er irriterande at dei går til medlemmer lenger nede i systemet når me i leiinga seier nei, seier Furnes.
Partiet har fått skryt for måten dei har handtert saka på. Ungdomsparti-leiaren seier at partiet sentralt har vore til god hjelp, mellom anna sendte dei ein medierådgivar til Stavanger.
– Men me er ikkje trent i slike situasjonar, seier Furnes.
Venn av 17-åringen
For Furnes personleg har saka òg vore vanskeleg. Han er ein god venn av 17-åringen, og var ein av dei første som fekk vita kva som skal ha skjedd.
– Korleis var det å ha to roller?
– Det var berre den første dagen eg skulle vera ansikt for saka. Resten av tida har eg brukt til å vera med jenta og venninnene hennar, og passa på at ho har det etter forholda bra og har personar rundt seg som ho kan stola på.
Furnes kjenner òg mannen som no er meldt til politiet.
– Sjølvsagt er det spesielt. Organisasjonen vår er ikkje så stor, så alle kjenner alle, seier 20-åringen.
Nestleiaren har innrømma seksuell omgang med 17-åringen, men nektar for at det var valdtekt. Både mannen og jenta skal ha vore berusa. Saka har ført til at mellom andre stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) har tatt til orde for at dei politiske partia må diskutera alkoholbruken sin.
– Når det gjeld alkohol på slike møte, ser eg at det må koma ein debatt. Men eg synest ikkje det er så interessant no, seier Furnes.
– Uansett kva som har skjedd mellom desse to, er det snakk om ei veldig ung jente og ein mykje eldre mann. Er det etter ditt syn eit overgrep?
– Det har eg ikkje lyst til å kommentera. Men det er eit tillitsbrot. Eit kjempetillitsbrot.
100 mill. snart i havn
– Foreløpig er det snakk om en intensjonsavtale, men vi håper å kunne signere den endelige kontrakten i løpet av få uker.
Kva skal vegen heita?
Både i Skiftesvik og på Tveit er det innbyggjarar som ventar på ei endeleg avklaring i spørsmålet om kva veg dei bur i.
Nå ser Jeanette fremover
Drøye to måneder etter at håndballkarrieren til Jeanett Haga Holgersen (22) ble satt på vent, er hun allerede tilbake i trening, klar for å kjempe seg tilbake på parketten.
På tur med «kaptein» Virkesdal
– Dette er så interessant å se. Hvor mange hus er kommet til? Hvordan ser bygdene våre
Siste kortnytt
- MC-ulykke i Bakarvågen [15.05.12 09:52]
- Overvann og null poeng [15.05.12 09:52]
- På tide å søke om leie [10.05.12 15:32]
- Vedtok plan for Myrane [10.05.12 15:32]
- 10.000 til Hanøy skole [10.05.12 15:32]
- Skal vedta kreftplan [08.05.12 11:56]
- Vil ha reguleringsplan [08.05.12 11:56]
- Omkamp om adresse [08.05.12 11:56]
- Demokratene har ikke anmeldt [26.04.12 16:12]
- Pepe Auer til Strusshamn kirke [26.04.12 16:12]
- Årets første lokaloppgjør [26.04.12 16:12]
- Nei til pils og pizza [20.04.12 10:29]
- Låner til minnesmerke [20.04.12 10:29]
- Støtter Skogen-skole [20.04.12 10:29]
- Stjeler påhengsmotorer [12.04.12 21:12]
- Øvelse på Herdlaflaket [12.04.12 10:23]
- Ønsker kandidater [02.04.12 14:18]
- – Godt samarbeid [02.04.12 14:18]
- Promille på Juvik [01.04.12 10:20]
- Vil kjøpe fortet [29.03.12 15:18]
Mest lest
- 29-åring fengslet for ran [28.04.12 13:29]
- To arrestert for vold og hærverk [27.04.12 15:18]
- Tre vinnere fra Askøy på bare en uke [26.04.12 16:12]
- Mann tatt for grovt biltyveri [24.04.12 10:47]
- Slo gamle kjente [24.04.12 08:09]
- La ned krans i Strusshamn [08.05.12 14:31]
- Statsministeren kommer [20.04.12 10:29]
- Stor mangel på fastleger [04.05.12 08:04]
- Gikk løs på leger og inventar [10.05.12 15:32]
- Ti år med omsorgsboliger [04.05.12 08:02]
- Vil ha storskole i Skogstunet [08.05.12 11:56]
- En av Norges beste lokalaviser [22.04.12 00:21]
- BOF: – De har seg selv å takke [26.04.12 16:12]
- Klar for Telenor Arena [26.04.12 16:12]
- Åpnet ny gang- og sykkelvei i nord [24.04.12 08:12]
- Vil rekruttere flere til paintball [11.05.12 13:53]
- Vil ha puls i Strusshamn [08.05.12 11:56]
- Nytt NM-gull til Kvammen [04.05.12 08:00]
- – Ikke overrasket over oppturen [08.05.12 11:56]
- Her er Annie x 2 [04.05.12 07:57]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]



