Sjølv om mange av oss – i alle fall i løpet av dei første leveåra – trur at det er mogleg å grava seg gjennom til den andre sida av jordkloda, og då helst til Kina, så er det nok diverre ikkje det.

Det få kanskje har reflektert over er at dersom det faktisk hadde lete seg gjera å grava ein bein tunnel frå midten av Askøy og tvers gjennom jordkloda, så ville ein faktisk ikkje ha enda opp i Kina – men atskilleg lengre søraust – ja faktisk omtrent dobbelt så langt som til Kina.

Artikkelen held fram under bilete.

Har du tenkt deg til New Zealand eller Australia, er moglegheitane gode for at det er akkurat deg me er på jakt etter. Foto: Google Maps

Plassen på jordkloda som er lengst vekke frå Askøy ligg nemleg godt over 1000 kilometer frå sydspissen av New Zealand – på sjøbotnen av det sørlege Stillehavet.

Askøyværingen ynskjer å koma i kontakt med deg som bur på Askøy og som skal lengst bort frå øya i løpet av sommarferien. Har du tenkt deg til New Zealand eller Australia, er moglegheitane gode for at det er akkurat deg me er på jakt etter.

Send oss ei melding på Facebook, eller send oss ein e-post ved å følgja denne lenka, med litt kort informasjon om deg sjølv og kvar du skal i sommar, så tek me kontakt med deg!

Følg Askøyværingen på Facebook!