Reagerer på ordbruken i kommunalt dokument:

«Vi hadde en god «utlufting»
av ventelisten i fjor p.g.a
flere dødsfall»

  • Slik ser dokumentet ut.

    FOTO: Christine Fagerbakke

Kommunalsjef Torgeir Sæter ynskjer ikkje å seia kven som har skrive setninga i det offentelege notatet.

– Som kommunalsjef er det eg som er ansvarleg for det som står her, seier Torgeir Sæter.

Det er i eit notat datert 19. januar, med tilleggsopplysningar knytt til omsorgsbustad-saka, at setninga i tittelen over dukkar opp.

Les også

Frustrert: Arnold Lunde (83) er irritert og forbanna for at han, slik det ser ut no, må finna seg i å flytta ut frå leilegheita si i 2. etasje på Helsetunet. I bakgrunnen sit bebuar Margun Juvseth (58, frå venstre), pårørande Torill Lunde Thorsen og Gunnvald Østvik (72) og diskuterer situasjonen.

– Absurd, uforståeleg og veldig trist at kommunen vil tvangsflytta meg

Politikarane kranglar, og debatten har teke fyr. I ein leilegheit på Helsetunet sit 83 år gamle Arnold Lunde og fryktar det verste.

– Dette tek me internt

På den siste sida står det mellom anna følgjande:

«Vi hadde en god «utlufting» av ventelisten i fjor p.g.a flere dødsfall, flytting på institusjon samt utflytting av utviklingshemmede fra Ravnanger til Tveit.»

Burde skjedd før: Kommunalsjef i avdelinga for levekår Torgeir Sæter erkjenner at kommunen kunne ha vore tidlegare ute med informasjon kring vedtaket som blei fatta 24. januar.

Kommunalsjef i avdelinga for levekår, Torgeir Sæter, kallar ordbruken i dokumentet for uheldig.
– Det er ei uheldig formulering, og dette skulle ikkje ha passert under radaren på internkontrollen, seier Torgeir Sæter, som ikkje ynskjer å seie kven som har skrive den aktuelle setninga.

– Det betyr ikkje noko kven som har skrive det, fordi det er eg som har ansvaret uansett.

Les også

Diskuterte eldreomsorg på direktesendt nett-TV

Dagen etter årets første kommunestyremøte stiller fire av lokalpolitikarane til direktesendt nett-TV-debatt.

– Så det er ikkje så viktig kven som har skrive det?

Det å gjera dødsfall til noko kvardagsleg er likevel å tråkka over streken.
Jens Elmelund Kjeldsen, retorikkprofessor

– Nei, det er det ikkje. Dette er noko me tek internt, svarar Sæter, og legg til:

– Me har ikkje for vane å bruka karakteristikkar som dette når me skildrar slikt som dette. Det som står i slike dokument skal vera seriøst, poengterer kommunalsjefen.

Les også: Skammelig behandling av eldre mennesker
Les også: Eldreomsorg må prioriteres høyere

Professor: – Svært upassande

Retorikkprofessor ved Universitetet i Bergen, Jens Elmelund Kjeldsen, reagerer på følgjande måte då Askøyværingen fortel han kva som står skrive i det offentlege dokumentet:

– What?

Etter å ha forsikra seg om at han høyrde riktig, held han fram:

– Ein treng ikkje vera retorikkprofessor for å forstå at dette er svært upassande ordbruk.

Ristar på hovudet: Retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen meiner det er å tråkka over streken å bruka ordet «utlufting» i denne samanhengen.

Retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen meiner det er å tråkka over streken å bruka ordet «utlufting» i denne samanhengen.

FOTO: Tove Breistein

Elmelund Kjeldsen har skrive fleire djuptgåande artiklar om politisk kommunikasjon og retorikk, og kjenner seg trygg på at dette må vera ein glipp.

– Truleg handlar det ikkje om at vedkomande som har skrive det er glad for at folk har gått bort. Det handlar om at han eller ho ikkje har kome på noko betre ord å bruka for å forklara det som er bodskapen, forklarar Elmelund Kjeldsen.

Les også: Eldre pleietrengende kastes ut av hjemmene sine
Les også: – Vi kaster ikke eldre ut av sine omsorgsboliger

Han seier vidare at bruken av hermeteikn rundt «utlufting» tel til forfattaren sin fordel.

– Det tyder på at vedkomande har vore klar over at dette er eit «liksom-ord», og det er jo bra. Men det å gjera dødsfall til noko kvardagsleg er likevel å tråkka over streken, kjem det frå professoren.

Følg Askøyværingen på Facebook!